Hærverk hos Israels-organisasjon
Organisasjonen Med Israel For Fred (MIFF) opplevde i natt at teltet deira på Arendalsuka blei utsett for hærverk.
Teltet er skjært opp og det er også skrive «folkemord» på teltet.
Også i fjor blei MIFF sitt telt utsett for hærverk.
MIFF er ein Israels-venleg organisasjon og har mellom anna delteke i debatten om krigen i Gaza.
Leiar Conrad Myrland seier til NRK at det er synd at dei opplever slike hendingar på eit arrangement om demokrati og ytringsfridom.
Les mer her: