Perfektum er ei verbform som uttrykkjer at noko skjedde på eit tidlegare tidspunkt, men framleis er relevant på eit seinare tidspunkt. Døme er uttrykk som har mista eller er komen.

Faktaboks

Uttale

pærfektum

Etymologi

av latin perfectum 'fullført'

På norsk inneheld perfektum to ord: eit hjelpeverb (ha eller vere) og eit hovudverbet i perfektum partisipp (som mista, funne, komen). Hovudverbet er det verbet som ber leksikalsk tydinga i ei samansett verbform, mens hjelpeverbet har ei grammatisk tyding.

Dette kan setjast opp slik:

hjelpeverb hovudverb
ha / har / hadde mista
vere / er / var komen

Hjelpeverbet i ein perfektum-konstruksjon står i infinitiv, presens eller preteritum. Setningane nedanfor illustrerer dette med eksempel frå Et dukkehjem av Henrik Ibsen (i ei bokmålsutgåve frå 2005):

  • Hm, det er dog herlig å være kommet hjem til seg selv igjen.
  • Kan han ikke ha gjort det av nød?
  • Jeg er kommet hit for å søke arbeide.
  • Forstår du hva du har gjort?
  • Hva kunne jeg for at katten var kommet inn og hadde revet all ting i stykker?

Etter forma på hjelpeverbet skil ein mellom infinitiv perfektum (med hjelpeverbet i infinitiv), presens perfektum (med hjelpeverbet i presens) og preteritum perfektum (med hjelpeverbet i preteritum).

I eldre norsk skulegrammatikk blei presens perfektum og preteritum perfektum kalla perfektum og pluskvamperfektum:

Ny terminologi Gammal terminologi
presens perfektum perfektum
preteritum perfektum pluskvamperfektum

Termen pluskvamperfektum er ikkje lenger i bruk i norsk grammatikk, og termen perfektum har ikkje same bruksmåte som i gammal terminologi.

Det latinske ordet perfectum tyder ‘fullført’ og er perfektum partisipp av verbet perficiō ‘gjere ferdig, fullføre’.

Kva perfektum uttrykkjer

Perfektum uttrykkjer at noko som skjedde på eit tidlegare tidspunkt 1 framleis er relevant på eit seinare tidspunkt 2.

Dette kan illustrerast med eit utdrag frå Første Mosebok 29,17–19, med preteritum perfektum hadde vorte:

Lea hadde matte auge, medan Rakel var velskapt og vakker. Jakob hadde vorte glad i Rakel. Han sa: «Eg skal arbeida hos deg i sju år for Rakel, den yngste dotter di.» Laban svara: «Det er betre at eg gjev henne til deg enn til ein annan mann. Ver hos meg!»

Jakob snakkar med Laban på tidspunkt 2. Avsnittet begynner med å gi litt bakgrunnsinformasjon: Jakob vart glad i Rakel på tidspunkt 1. Perfektum hadde vorte viser at dette enno er relevant på tidspunkt 2: Han framleis er glad i ho.

Presens perfektum kan illustrerast med eit sitat frå boka Statsmannen Gunnar Knudsen (Per E. Hem 2025):

«Faderen til dette projekt er hr. Gunnar Knudsen; hans monomani for told har ført ham ind i dette spor» noterte Castberg.

Castberg brukar presens perfektum har ført og uttrykkjer at statsminister Knudsen blei ført inn i eit eige spor i fortida (tidspunkt 1) og framleis er i der i notida (tidspunkt 2). Relevansen for notida hadde ikkje kome fram om Castberg i staden hadde skrive «hans monomani for told førte ham ind i dette spor».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hem, Per E. 2025. Statsmannen Gunnar Knudsen. Nu har vi magten, og den skal bli brukt! Oslo: Gyldendal.
  • Ibsen, Henrik 2005. Et dukkehjem. Skuespill i tre akter (1879). (Gyldendal Klassiker (2. utgave). Oslo: Gyldendal.

Kommentarar (2)

skreiv Thor Mjelve

Hvor finnes setninger 1a, 1b, 2a og 2b som det refereres til.

svarte Rolf Theil

Mange takk for kommentaren! Her er det ein trykkfeil. I staden for 1a, 1b, 2a og 2b skal det dere 1, 2, 3 og 4. Det er no retta.
Med venleg helsing Rolf Theil

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg
Morty Proxy This is a proxified and sanitized view of the page, visit original site.