Telemarkskanalen er ein vassveg med kanalar og sluser frå Skien til Dalen i Tokke kommune i Telemark fylke. Anlegget vart bygd mellom 1854 og 1891 og er det største i sitt slag i Noreg, og vekte ved opninga oppsikt både i Noreg og i utlandet som eit storslått ingeniørarbeid.
Telemarkskanalen strekkjer seg 105 kilometer frå kyst til fjell. Han består av to kanalar som er kopla saman ved Ulefoss: Skien-Norsjøkanalen i Skien kommune og Bandak-Norsjøkanalen i kommunane Nome, Kviteseid og Tokke. Telemarkskanalen er eigd av Telemark fylkeskommune.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.