Faktaboks

Kitty Wentzel
Christiane Marie Bætzmann
Fødd
9. august 1868, Christiania (nå Oslo)
Død
20. november 1961, Lillehammer, gravlagd i Lom
Virke
Journalist og forfattar
Familie

Foreldre: Redaktør Samuel Frederik Bætzmann (1841–1913; sjå NBL1, bd. 2) og Karen Marie Prom f. Fougner (1840–1907; ho gift 1) 1863 med skodespelar Jacob Prom, 1831–65; sjå NBL1, bd. 11).

Gift 17.5.1889 i Paris med kunstmålar (Nils) Gustav Wentzel (1859–1927).

Av Gustav Borgen/Norsk folkemuseum, via Digitalt Museum.

Kitty Wentzel var ein norsk journalist og forfattar. Ho hadde eit fargerikt og omtumla liv, først som kunstnarhustru til Gustav Wentzel med eigne bilethoggardraumar i Paris og Noreg, seinare ei tid som guvernante i Amerika, skodespelar på noregsturné og journalist i Kristiania, til ho etter fylte 50 år slo seg ned som småbrukar og forfattar i Lom.

Som bilethoggar arbeidde Wentzel med byster og mindre skulpturar, men deltok berre på Haustutstillingar. Familien Wentzel var busett i Christiania frå 1889 med kortare eller lengre opphald i Hallingdal, Setesdal, Vågå, Roma og Paris i åra 1889-1902. I 1910 vart heimen oppløyst. Wentzel vart journalist og skreiv for Verdens Gang og Ørebladet i 1913–1924 og var redaktør for Hjemmenes Vel frå 1918. Ho var òg forfattar, og skreiv mellom anna ein biografi om Gustav Wentzel.

Bakgrunn

Fotografiet er teke i Paris 1885 og viser, forutan Kitty (ståande til venstre), morbrørne Bjørn og Johan Eilert Fougner, med sine franske koner og ei av døtrene deira på fanget. Til høgre i biletet står den 21 år gamle Henri de Toulouse-Lautrec.

Kitty Wentzel
Av Ukjent/NTB ※ Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Christiane Marie (Kitty) Bætzmann var dotter til den markante redaktøren i Dagbladet og seinare i Aftenposten, Frederik Bætzmann. Mora var frå Bergen og hadde vore skodespelar ved Den Nationale Scene. Dei første barneåra tilbrakte Kitty dels hos foreldra i Christiania, dels hos morforeldra i Bergen, dels hos farmora i Trondheim. Der byrja alvoret, med å lære seg skikk og bruk, mellom anna å spela piano. Etter ei tid flytta ho attende til Christiania og byrja på den katolske skulen St. Sunniva.

Faren vart i 1878 send til Frankrike som utanrikskorrespondent for Dagbladet og Aftenposten, og dottera byrja på St. Joseph-søstrenes skule i Paris. Kitty var ei oppvakt jente, lærte fort det nye språket og fekk vener på klosterskulen. Ho fekk òg oppleve viktige hendingar i fransk historie på nært hald.

I erindringsboka Fra mitt livs karusell fortalde ho mange år seinare: «Der var nesten som en Landesorg i Frankrige da Victor Hugo døde.» Året var 1885, og katafalken stod under Triumfbuen i eit vell av blomar, medan franskmenn vandra forbi i to dagar og to netter for å vise si sorg. Hugo vart ein av favorittane hennar, ved sida av norske forfattarar som Bjørnson, Ibsen, Kielland og Lie; desse var vener av familien Bætzmann, og for Kitty varte kontakten med fleire av dei så lenge dei levde.

Bilethoggar og skribent

Kitty ville slå inn på ein kunstnarkarriere, og etter mye mas på foreldra fekk ho byrje i bilethoggarlære hjå den svenske bilethoggaren Per Hasselberg i 1887. Han såg at ho hadde talent og bad henne søkje seg inn på Académie Colarossi i Paris for å lære teikning. Her var ho frå 1887 til 1889 og møtte mange europeiske kunstnarar, mellom anna Henri de Toulouse-Lautrec. To av Kittys morbrør var gifte med kvar sin slektning av den franske kunstnaren. Ho møtte også kunstnarar frå Noreg, mellom anna Erik Werenskiold, Eyolf Soot, Jo Visdal, Halfdan Strøm, Kalle Løchen, Oskar Lærum og Gustav Wentzel, som ho gifta seg med i 1889.

Etter bryllaupet reiste Kitty og Gustav Wentzel heim til Noreg for å teikne og måle. Dei busette seg i Kristiania, og der vart den eldste sonen Jørgen fødd. Frå hovudstaden reiste dei på fleire turar til Gustav sine besteforeldre på Grepperud gård i Høland. Mange måleri vart til i dette miljøet. I 1892 busette dei seg i Asker, der dei fekk mange gode vener, mellom anna Hulda og Arne Garborg og Tilla og Otto Valstad, venskap som varte livet ut.

Livet i Kunstnerdalen vart ei innhaldsrik tid for Kitty Wentzel, på både godt og vondt. Ekteparet sleit tungt økonomisk, og i 1901 måtte dei selja huset. I 1908 fann dei i fellesskap ut at det var rett å gå kvar sin veg og tene til livsopphaldet. Gustav Wentzel fekk seg atelier på Borgen i Asker og halde fram med målarkunsten sin. Kitty skulle skrive. Ho reiste med yngste sonen Bjørn til USA for å prøve å selje måleri for ektemannen, samstundes som ho var guvernante i ein amerikansk familie, der ho skulle lære ungane fransk. Opphaldet i Amerika varte i eit år.

Etter heimkomsten til Noreg vart Kitty Wentzel med som skodespelar når Hulda Garborg turnerte med spelstykke som Varg i Veum, Ervingen og Rasjonelt fjøsstell. Kitty var ikkje så god i nynorsk, så ho måtte ta timar for å lære replikkane hjå Arne Garborg. Kitty Wentzel treivst med turnélivet, men måtte slutte da ho vart tilsett som journalist i Verdens Gang i 1913. Gjennom Hulda og venene i Asker lærde Kitty mykje. Dei arbeidde for å fremje røysterett for kvinner og likeverd mellom kjønna og mellom ulike nasjonar og folk.

I tida i Asker var familien Wentzel ofte på reise til norske dalføre, fyrst til Setesdal og Hallingdal, seinare til Vågå og Lom i Gudbrandsdalen. Kitty måtte gje opp draumen om å verta bilethoggar. Ho tok seg av familien og la til rette for turane og det praktiske arbeidet. Men innimellom teikna ho frå der dei budde for å bruke som dokumentasjon. Ho modellerte òg portrett av sønene i den fyrste tida i Asker.

Journalist

Kitty Wentzel arbeidde som journalist i Verdens Gang i 1913–1917 og deretter i Ørebladet til 1924. Samstundes skreiv ho artiklar til vekebladet Urd og andre blad. I 1915 reiste ho for Urd til Petrograd i Russland, der ho skildra livet i den krigsramma byen. I 1918 var ho redaktør i vekebladet Hjemmenes Vel.

Etter nokre år gjekk vegen til Ottadalen att. Eldste sonen Jørgen vart gift med ei jente frå Skjåk. Dei kjøpte plassen Høgbrenna i Flatmogrenda i Lom og flytta dit i 1915. Gustav Wentzel flytta etter og kjøpte seg hyttetomt. Hytta stod ferdig i 1918. Året etter fekk han og sonen kjøpt ein eigedom, Furuheim, to kilometer lenger ned i Liagrenda, der dei bygde seg atelier med utsyn til Lomseggen. Yngste sonen Bjørn og hans tyskfødde kone var dansarar og reiste rundt i Europa på turné. Dei busette seg i Høgbrenna etter broren i 1920-åra. Saman med Bjørn kjøpte Kitty Wentzel småbruket Haukdalen i 1923, ein kilometers veg ovafor Furuheim. Slik vart heile familien Wentzel bufast i Lom.

Forfattar

Kitty Wentzel, ukjent person og Gustav Wentzel som sitter ved et langbord. På bordet står glass og tekopper, på veggen henger flere malerier. Foto fra ca. 1890.
Av Ukjent/Maihaugen, via Digitaltmuseum.

I Haukdalen fekk Kitty Wentzel på ny ro til å skrive, men det vart berre tre bøker. 1925 gav ho saman med Øvre Richter Frich ut Bordets glæder, ei sjarmerande og fargerik bok om mat og matkultur frå mange land. I 1926 var ho ei tid i Frankrike som korrespondent for Aftenposten. i 1956 skreiv ho boka om Gustav Wentzel og hans kunstnarliv, og i 1960 kom erindringsboka Fra mitt livs karusell.

Kitty Wentzel var oppteken av menneska og deira levekår. I Lom kom ho til ei isolert grend, utan veg og utan bru over elva. Ho hadde stor respekt for bygdefolket, der dei budde på sine små bruk med mange born, flinke folk som klarte seg godt i det daglege arbeidet. Men ho førte òg med seg noko nytt, som var spanande og interessant for folket her. Kunst og kultur stod hennar hjartet nær. «Der et folk ikke tar vare på sin kulturhistorie, mister de sin identitet,» skreiv ho ein gong i ei av dagbøkene sine. Samstundes hadde ho blikket retta ut mot andre kulturar.

Kitty fekk mange vener i Lom og i Liagrenda. Det store høgdepunktet kvart år var når ho samla slekt og vener til selskap i hagen i Haukdalen, med blomane i fullt flor, sjølvplukka salat og sjølvdyrka grønsaker, lammefrikassé og kylling med sopp på bordet og heimelaga vin i glasa. Då var stemninga på topp. Dette var Kitty på sitt beste, med venene rundt seg, og diskusjonen gjekk lystig. Ho vart ikkje bilethoggar, slik ho drøymde om som ung i Paris, men livskunst vart hennar varemerke: Ho spreidde kunnskap og glede rundt seg.

Kitty og Gustav Wentzel er båe gravlagde ved Lom stavkyrkje.

Utgjevingar

  • Bordets glæder. Mat og vin til hverdag og fest (sammen med Øvre Richter Frich), 1925
  • Gustav Wentzel, 1956
  • Fra mitt livs karusell, 1960

Kollektivutstillingar (utval)

  • Høstutstillingen, 1894
  • Høstutstillingen, 1895
  • Høstutstillingen, 1900

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Kitty Wentzel
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392099344

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg
Morty Proxy This is a proxified and sanitized view of the page, visit original site.