Triestebukta
Utsjånad
| Triestebukta | |
| bukt | |
| Land | Mal:Landdata Slovenia, Italia |
|---|---|
![]() Triestebukta 45°40′00″N 13°35′00″E / 45.666666666667°N 13.583333333333°E | |
| Wikimedia Commons: Gulf of Trieste |
Triestebukta[a] er ei grunn bukt heilt nord i Adriahavet. Ho er ein del av Veneziabukta, og er delt mellom Italia, Slovenia og Kroatia.
Bukta er avgrensa av ei tenkt linje frå Punta Tagliamento på den italienske kysten og Savudrija (Punta Salvore) i Kroatia. Arealet er om lag 1 000 km², og ho har eit middeldjup på 16 meter. På det djupaste er ho derimot 37 meter.
Bortsett frå dei flate småøyane som blokkerer inngangen til Laguna di Grado, er det ingen øyar i bukta. Austkysten med Trieste og den slovenske kysten er forholdsvis kupert. I Triestebukta finn ein òg fleire mindre bukter som Muggiabukta, Koperbukta (Capodistria) og Piranbukta (Pirano).
