Rylsk
| Rylsk | |
| Рыльск | |
| by | |
|
|
| Land | |
|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Kursk oblast |
| Areal | 17 km² |
| Folketal | 14 843 (2024)[1] |
| Grunnlagd | 1152 |
| • Bystatus | 1779 |
| Postnummer | 30737x |
| Retningsnummer | +7 47152 |
![]() Rylsk 51°34′00″N 34°41′00″E / 51.566666666667°N 34.683333333333°E | |
| Wikimedia Commons: Rylsk |
Rylsk (russisk Рыльск) er ein by i Kursk oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Sejm, rundt 100 km vest for Kursk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Rylsk vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1152 som ein av dei severiske byane. Han vart eit senter for eit apanasje-fyrstedøme på slutten av 1100-talet før han hamna under Storhertugdømet Litauen sine herskarar ein gong på 1300-talet. Kasimir IV gav han til sonen til Dmitrij Sjemjaka, Ivan, som hadde busett seg i Litauen. Son til Ivan, Vasilij, hoppa over til Storfyrstedømet Moskva, men litauarane heldt byen til 1522. Under urotida i Russland var han ein av dei første byane som ønskte den falske Dmitrij velkommen som tsar. Etter Ukraina vart innlemma i det russiske keisardømet drog Rylsk fordelar av handelen mellom Ukraina og det øvrige Russland og det budde mange handelsmenn i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑
Feil: Klarte ikkje visa kjelda frå Wikidata rett. Tekniske detaljar:
- Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Kallet til utdatamalen ville mangla den påkravde parameteren
url. - Grunnen til at {{Kjelde på Wikidata}} ikkje verka: Kallet til utdatamalen ville mangla den påkravde parameteren
1.
- Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Kallet til utdatamalen ville mangla den påkravde parameteren
- Delar av denne artikkelen bygger på «Rylsk» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
