Opal
| Opal | |
| Edel opal erstattar kalsitt i toskjela skal frå Coober Pedy. Frå South Australian Museum | |
| Generelt | |
|---|---|
| Kategori | Mineraloid |
| Kjemisk formel | Hydratsilika. SiO2·nH2O |
| Identifikasjon | |
| Farge | Fargelaus, kvit, gul, raud, oransje, grøn, brun, svart, blå |
| Krystallform | Ujamne årer, i massar, i nodular |
| Krystallsystem | Amorf[1] |
| Kløyv | Ingen[1] |
| Brot | Muslig til ujamn[1] |
| Mohs hardleiksskala | 5.5–6[1] |
| Glans | Subglasaktig til voksaktig[1] |
| Strekfarge | Kvit |
| Transparens | ugjennomsiktig, gjennomskineleg, gjennomsiktig |
| Spesifikk vekt | 2.15 (+.08, -.90)[1] |
| Tettleik | 2.09 |
| Polert glans | Glasaktig til harpiksaktig[1] |
| Optiske eigenskapar | |
| Optiske eigenskapar | Enkeltbrytande, ofte avvikande dobbeltbrytande på grunn av strekk[1] |
| Brytingsindeks | 1.450 (+.020, -.080) meksikansk opal kan vere så låg som 1.37, men er typisk 1.42–1.43[1] |
| Dobbeltbryting | ingen[1] |
| Pleokroisme | Ingen[1] |
| Ultrafiolett fluorescens | svart eller kvit, ikkje-reaktiv til kvit til moderate lyseblå, grøn, eller gul i lang- og kortbølgja. Kan òg fosforescere; vanleg opal: ikkje-reaktiv til kraftig grøn eller gulaktig grøn i lang- og kortbølgjer, kan fosforescere; eldopal: ikkje-reaktiv til moderate grønaktig brun i lang- og kortbølgjer, kan fosforescere.[1] |
| Absorpsjonsspektrum | grønsteinar: 660 nm, 470 nm avbrot[1] |
| Kjenneteikn | mørk ved oppvarming |
| Oppløyselegheit | varmt saltvatn, basar, metanol, humussyre, hydrogenfluorsyre |
| Kjelder | [2][3] |
Opal er eit amorft mineral eller såkalla mineraloid som består av silisiumdioksid (kiselsyre eller silika, SiO2) med varierande innhald av vatn, vanlegvis 4–9 %. Edle opalar er av dei mest verdfulle edelsteinane.
Opal finst særleg i holrom i dagbergartar og sedimentære bergartar, og er danna ved avsetjing frå varme, kiselsyrehaldige løysingar. Han kan òg avsetjast i samband med varme kjelder. Opal blir òg danna som skalmateriale hjå til dømes radiolarar og diatomear.
Edelopal har eit vent fargespel og er ein verdfull edelstein. Desse finst særleg i Australia. I 1970-åra byrja det å kome syntetisk edelopal av fyrsteklasses kvalitet på marknaden. Edel opal kan òg vere gulraud og nesten klår og blåleg.
Vanleg opal er gjennomskineleg eller uklår og syner ikkje fargespel.