Narvik
| Narvik | |
| stad | |
| Land | |
|---|---|
| Fylke | Nordland |
| Kommune | Narvik |
| Areal | 6,93 km² |
| Folketal | 14 183 (2024) |
| Folketettleik | 2 047 / km² |
| Innbyggjarnamn | narviking, narvikværing |
| Preposisjon | i Narvik |
![]() Narvik 68°26′18″N 17°25′40″E / 68.43828°N 17.42777°E | |
| Wikimedia Commons: Narvik (town) |
Narvik (nordsamisk Áhkánjárga) er ein by og administrasjonssenter i Narvik kommune i Nordland med 14 183 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Narvik voks opp kring den isfrie hamna nytta for utskiping av jernmalm frå Kiruna i Sverige etter at eit britisk-svensk selskap byrja byggja Ofotbanen i 1883.[1] Narvik blei vedtatt oppretta som kjøpstad i 1901 med verknad frå 1902. Hovudnæring i byen var kenge knytt til transport, lagring og transittutskiping av jernmalm frå gruvene til Luossavaara-Kiirunavaara (LKAB) i Kiruna. Talet på arbeidsplassar knytt til dette har gjennom åra gått kraftig tilbake i samband med utviklinga av meir effektive utskipingsmetodar.[1]
Sentrum av byen ligg på halvøya mellom Rombaken og Beisfjorden. Det er delt i to av jernbaneområdet med utskipingsanlegg for jernmalm. Vest for jernbaneområdet ligg Frydenlund, medan Oscarsborg ligg i aust. I sør ligg bydelen Fagernes og vest for munningen av Beisfjorden ligg Ankenesstrand–Håkvik. Dei fleste noverande bygga er reist etter andre verdskrigen.[1]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Narvik rådhus
- Ankeret til panserskipet «Norge» ved Nordland Røde Kors krigsminnemuseum.
- Speglpyramiden Trinigon 3 i Narvik.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
