Maghemitt
Utsjånad
| Maghemitt | |
| Maghemitt frå Gancedo i Chaco-provinsen i Argentina | |
| Generelt | |
|---|---|
| Kategori | Oksydmineral |
| Kjemisk formel | γ-Fe2O3 |
| Strunz-klassifisering | 04.BB.15 |
| Krystallsymmetri | Isometrisk tetartoidal H-M-symbol: (2 3) Romgruppe: P 213 |
| Einingscelle | a = 8.33 Å; Z = 8 eller a = 8.35 Å c = 24.99 Å; Z = 32 for tetragonal supercelle |
| Identifikasjon | |
| Farge | brun, blåsvart; brun til gul i transmittert lys; kvit til blågrå i reflektert lys |
| Krystallform | Sjeldan som små åttesidige krystallar, eller nålforma overvekster; vanlegvis som belegg på eller erstatningar av magnetitt; massiv. |
| Krystallsystem | Kubisk med ei tetragonal supercelle |
| Kløyv | Ingen |
| Brot | Undermuslig |
| Mohs hardleiksskala | 5 |
| Glans | Matt |
| Strekfarge | brun |
| Transparens | Ugjennomsiktig, gjennomsiktig i tynne fragment |
| Spesifikk vekt | 4.860 (utrekna) |
| Optiske eigenskapar | |
| Optiske eigenskapar | Isotrop |
| Andre eigenskapar | Kraftig magnetisk |
| Kjelder | [1][2][3] |
Maghemitt er eit ferromagnetisk mineral som består av ?-Fe2O3. Det har ein defekt spinell-struktur med ubesatte kationplassar i gitteret. Mineralet er utbreidd i mikroskopiske mengder som oksidasjonsprodukt av magnetitt.
Maghemitt fekk namn i 1927 etter ein førekomst ved Iron Mountain-gruva nordvest for Redding i Shasta County i California.[3] Namnet syner til at mineralet er ein mellomting mellom MAGnetitt og HEMatitt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Maghemitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/maghemitt.