Hopp til innhald

Krimgotisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krimgotisk
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Germansk
  Austgermansk
   Gotisk
Bruk
Var tala i: Krim
Språkkodar
Glottolog: crim1255

Krimgotisk er ein dialekt av gotisk som vart tala av krimgoterane i nokre isolerte område av Krim, kanskje inntil så seint som 1700-talet.

Svært lite av det krimgotiske språket har overlevd; all kunnskap om det byggjer på eit brev av den flamske 1500-talsambassadøren Ogier de Busbecq, som gjev ei liste på om lag 80 ord og litt innsikt i grammatikken. Nokre av orda nedskrivne av de Busbecq er tydeleg germanske. Innsamlinga kan vera prega av hans eige flamske språk og det at den eine av informantane hans hadde gresk som morsmål og krimgotisk som andrespråk, medan den andre var ein opphavleg talar av krimgotisk som hadde gått over til gresk.

Døme:

Krimgotisk Norsk Engelsk Bibelgotisk Tysk Nederlandsk Færøysk Islandsk Svensk Dansk
apelepleappleapls (m.)Apfelappelsúrepliepli(vild-)apel, äppleæble
handahand, håndhandhandus (f.)Handhandhondhöndhandhånd
schuuestersyster, søstersisterswistar (f.)Schwesterzus(ter)systirsystirsystersøster
hushushouse-hūs (n.)Haushuishúshúshushus
reghenregnrainrign (n.)Regenregenregnregnregnregn
singhensyngje, syngesingsiggwan (vb.)singenzingensyngjasyngjasjungasynge
geengogaggan (vb.)gehengaangangaganga

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Krimgotisk
Morty Proxy This is a proxified and sanitized view of the page, visit original site.