Hopp til innhald

Hvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hvar
Hamna i byen Hvar
Hamna i byen Hvar
Geografi
StadAdriahavet
Koordinatar43°08′N 16°44′E
Areal297,37 km²
Administrasjon
LandKroatia
FylkeSplit-Dalmatia
Største busetnadHvar (3 519 innb.)
Demografi
Folketal10 678 (2021)

Hvar (italiensk Lesina) er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Dalmatia i Kroatia og er ein del av Split-Dalmatia fylke. Lengda på øya frå aust til vest er om lag 80 km.

Fleire andre øyar ligg rundt Hvar, og sunda mellom desse øyane heiter Hvarsundet (mellom Hvar og Brač) (Hvarski kanal), Vissundet (Vis), Korčulasundet (Korčula), og Neretvasundet (Pelješac), medan austsida av øya berre ligg om lag tre nautiske mil frå fastlandet.

Dei største busetnadane på øya er hovudsete for kvar sin kommune:[1][2]

Utsyn over byen Hvar frå Borga
  • Byen Hvar ligg i vest. Her vart det det første offentlege teateret i Europa opna i 1612.
  • Stari Grad ligg nord på øya. Dette var ein av dei første busetnadane på dei adriatiske øyane i antikken. Stari Grad har den største hamna på øya, og dei fleste vitjande kjem her via bilferje frå Split.
  • Jelsa ligg sentralt på nordsida på øya.
  • Sućuraj er ein naturskjønn liten landsby (meir enn 2 300 år gamal) på austsida av øya. Folk her lever stort sett av fiske og turisme. På grunn av svært mildt klima og vakre omgivnadar kjem det mange turistar til Sućuraj.

Like sør for øya ligg det fleire mindre øyar, mellom anna Paklenski otoci i vest og Šćedro i sør.

Dei fleste innbyggjarane på Hvar arbeider med fiske eller turisme. Hvar har eit mildt middelhavsklima, vakre strender og vegetasjon typisk for Middelhavet, og er ein av dei mest attraktive turistsentera i Europa. Øya reklamerer for seg sjølv som «den mest solrike staden i Europa» med 2 715 soltimar i snitt kvart år.

Byen Hvar er det største turistsenteret på øya, og her ligg ein stor offentleg plass som er open mot sjøen. I turistsesongen er hamna full av store yachtar. Nattklubbar trekkjer til seg mange ungdomar.

Ei anna stor næring på øya er dyrking av lavendel, som vert brukt i aromatiske oljer og såper. Hvar vert stundom kalla «Lavendeløya».

Hvar er òg eit av dei mest kjende vinområda i Kroatia. Vingardar på sørsida av øya er kjend for raudvinen laga av Plavac Mali-druene. Den sentrale sletta mellom Stari Grad og Jelsa er kjend for kvitvinen som vert dyrka her.

Utsyn over Stari Grad
Sørkysten av Hvar nær Sveta Nedjelja

På 300-talet fvt. vann Farosfolket over Jasadini-krigarane og deira allierte. Denne sigeren over dei mykje større styrkane er eviggjort som ein inskripsjon, ein av dei eldste kjende inskripsjonane i Kroatia.

Hvarkulturen varte frå 3500 til 2500 fvt. Venetianske sjømenn såg øya då dei segla mot Neretvasundet, og var truga av sjørøvarar frå øya. I 925 vart øya ein del av Kroatia under kong Tomislav.

Hvar er ein viktig del av kroatisk historie, og var eit av dei litterære sentera i Kroatia under renessansen, med forfattarar som Petar Hektorović og Hanibal Lucić. I Stari Grad kan ein sjå Petar Hektorovic sin festning/villa kalla Tvrdalj (Tøff stad), som var teikna av forfattaren sjølv.

Kyrkjer på øya inneheld mange viktige måleri og kunstverk av vidkjende venetianske kunstnarar, inkludert Tinoretto, Veronese, Bellini og andre.

Ivan Vučetić, personen som perfeksjonerte fingeravtrykk tidleg på 1900-talet, kom frå Hvar. Den mest vidkjende personen frå Hvar i dag er fotballspelaren Igor Tudor, som spelar på Juventus i Italia.

Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane, fordelt på kommunane, var:

Folketal 2001[3]Folketal 2011[4]Folketal 2021[5]
Hvar kommune4 1384 2513 979
Stari Grad kommune2 8172 7812 772
Jelsa kommune3 6563 5823 501
Sućuraj kommune492463426
Øya Hvar 11 103 11 077 10 678

Dei største tettstadene på øya var:

KommuneFolketal 2001[3]Folketal 2011[4]Folketal 2021[5]
HvarHvar3 6723 7713 519
Stari GradStari Grad1 9061 8851 921
JelsaJelsa1 7981 8011 753
VrboskaJelsa526548542
VrbanjStari Grad489498458
SvirčeJelsa445407385
DolStari Grad348311305
SućurajSućuraj387357293
VrisnikJelsa215190186
BrusjeHvar206194174

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
  2. «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia. Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
  3. 1 2 «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
  4. 1 2 «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.
  5. 1 2 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hvar
Hvar
Morty Proxy This is a proxified and sanitized view of the page, visit original site.