Gdov
| Gdov | |
| Гдов | |
| by | |
|
|
| Land | |
|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Pskov |
| Høgd | 40 m |
| Areal | 5 km² |
| Folketal | 3 194 (2025)[1] |
| Grunnlagd | 1300-talet |
| • Bystatus | 1708 |
| Retningsnummer | +7 81131 |
![]() Gdov 58°45′00″N 27°49′00″E / 58.75°N 27.816666666667°E | |
| Wikimedia Commons: Gdov |
Gdov (russisk Гдов) er ein by i Pskov oblast i Russland med om lag 3 500 innbyggjarar. Han ligg ved elva Gdovka, berre to kilometer før utløpet i innsjøen Peipus.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Gdov vart grunnlagd på 1300-talet, som ein utpost for å verne byen Pskov. I 1431–1434 bygde Pskov ei festning der og restane av ho er framleis synleg i dag. Byen vart angripe ved fleire høve av svenskar og polakkar (som under den nordiske tjuefemårskrigen og ingermanlandskrigen), men vart omsider returnert til Russland i 1617.
I 1780 fekk Gdov formelt status som by. I mai 1919 vart Gdov erobra av «dei kvite» under general Rodzianko, saman med Pskov og Jamburg.
Under den tyske tilbaketrekkinga i 1944 øydela Wehrmacht med overlegg mange av kyrkene i Gdov, som var rekna som dei vakraste døma på pskovsk mellomalderarkitektur. Dei historiske monumenta i byen er delvis vorte restaurert i tida etter den andre verdskrigen.
Under den kalde krigen låg ein aktiv flybase, Smuravjevo, nordaust for byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2025 года (på russisk), Moskva: Rosstat, 25. april 2025, Wikidata Q133797648, arkivert frå originalen 26 April 2026
- Delar av denne artikkelen bygger på «Gdov» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2009.
