Eiger
| Eiger | |
| fjell | |
Nordveggen på Eiger | |
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Bern-Alpane |
| Høgd | 3 970 moh. |
| Primærfaktor | 356 m ↓ ↓ Mönch |
| Koordinatar | 46°34′39″N 8°0′19″E / 46.57750°N 8.00528°E |
| Lettast tilkomst | grunnleggande fjell/snø/isklatring |
| Førstestiging | Christian Almer |
| • dato | 11. august 1858 |
![]() Eiger 46°34′39″N 8°00′19″E / 46.577607529°N 8.005286822°E | |
| Wikimedia Commons: Eiger |
Eiger er eit 3 970 meter høgt, særmerkt fjell i Bern-Alpane. Fjellet er den austlegaste fjelltoppen på ein fjellrygg som strekker seg vidare til Mönch og over skardet Jungfraujoch til Jungfrau. Fjellet er nemnd i skrifter datert til 1200-talet.
Toppen av Eiger vart nådd fyrste gongen av dei sveitsiske fjellførarane Christian Almer og Peter Bohren saman med iren Charles Barrington. Dei klatra opp vestsida den 11. august 1858.
Den i kring 1 800 meter høge, stupbratte nordveggen på Eiger har sidan 1935 vore eit mykje søkt mål for skarpklatrarar. Dei to første klatreturane, i 1935 og 1936, enda med at alle klatrarane mista livet. 1936-ekspedisjonen var særleg dramatisk, då det vart gjort forsøk på å berge dei fire klatrarane. I 2005 vart det laga ein spelefilm som rekapitulerte både klatreturen og bergingsekspedisjonen. Eit klatrelag beståande av to tyskarar og to austerrikarar lukkast som dei første å klive nordveggen til topps 24. juli 1938.
Jarnbanen Jungfraubahn går i ein tunnel inne i Eiger, der to stasjonar gjev utsyn gjennom vindauge i fjellsida. Jarnbanen endar opp i fjellskardet Jungfraujoch, med den høgstliggjande jarnbanestasjonen i Europa.
I juli 2006 rausa ei bergnase ut på austsida av Eiger. Om lag 700 000 kubikkmeter stein fall ned i eit aude og folketomt område.

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eiger» frå Wikipedia på tysk, den 29. desember 2011.


