Detmold
| Detmold | |
| by | |
|
|
| Land | |
|---|---|
| Stat | Nordrhein-Westfalen |
| Region | Detmold |
| Landkreis | Lippe |
| Høgd | 134 m |
| Areal | 129,39 km² |
| Folketal | 74 835 (31. desember 2023)[1] |
| Først nemnd i | 783 |
| Postnummer | 32701–32760 |
| Retningsnummer | 05231 |
| Bilnummer | LIP |
![]() Detmold 51°56′16″N 8°53′00″E / 51.937777777778°N 8.8833333333333°E | |
| Wikimedia Commons: Detmold |
Detmold er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen var hovudstad i det litle fyrstedømet Lippe frå 1468 til 1918 og så i fristaten Lippe fram til 1947. I dag er han administrativt sete for kreisen Lippe og regierungsbezirk Detmold.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Mellomalderen
[endre | endre wikiteksten]Detmold vart først nemnd i 783 som Theotmalli, og i 1005 vart området (Gau) Tietmelli eller Theotmalli nemnd i skriftlege kjelder. I 1263 bygde Bernard III av Lippe festningsverk rundt busetnaden der handelsruta mellom Paderborn og Lemgo kryssa elva Werre. Han bygde steinmurar og gav staden kommunerettar. Folketalet i 1305 vart rapportert til 305. Handelsrettar vart gjevne i 1265, noko som førte til rask økonomisk vekst. Forsvarsverka vart kraftig utbygd då byen vart kraftig øydelagd under ein konflikt med Soest i 1447. Ein storbrann i 1547 øydela meir enn 70 hus.
I 1550 vart Detmold fast residens for grev Simon III av Lippe. Grevane vart promotert til fyrstar i 1789, og Detmold vart verande hovudstad av det vetle fyrstedømet fram til slutten av den første verdskrigen i 1918, då alle fyrstedøma i Tyskland vart avskaffa.
Moderne tider
[endre | endre wikiteksten]Under grev Friederich Adolf vart byen utvida sørover frå 1701 og framover. For å kunne vekse vidare vart festningsmurane og vollgravene fjerna i 1720, men portane og tårna stod fram til 1780-åra. I 1809 vart det introdusert oljefyrte gatelys introdusert. I 1835 hadde byen vorte den mest folkerike i Lippe med over 4 000 innbyggjarar. Han voks til 12 000 innbyggjarar i 1900 og over 30 000 i 1950.
Frå 1919 til 1947 var Detmold hovudstad i Fristaten Lippe. Då Lippe vart ein del av den nye tyske staten vart området ein del av Nordrhein-Westfalen, og administrasjonssete i kreisen Lippe. Under den administrative reforma i 1970 vart 25 nærliggande landsbyar ein del av byen.
Folk frå Detmold
[endre | endre wikiteksten]- Friedrich Adolph Lampe (1683–1729), teolog
- Ferdinand Freiligrath (1810–1876), forfattar
- Giselher Klebe (1925–2009), komponist
- Frank-Walter Steinmeier (f. 1956), politikar, utanriksminister, visekanslar og president i Tyskland[2]
- Vera Ludwig (f. 1978), diktar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024
- ↑ Judy Dempsey (17. oktober 2005), A promotion to cabinet for Schröder's top aide The New York Times.
- Denne artikkelen bygger på «Detmold» frå Wikipedia på engelsk, den 18. juli 2007.
