Arganda del Rey
Utsjånad
| Arganda del Rey | ||
| by | ||
|
||
| Land | ||
|---|---|---|
| Region | Madrid | |
| Høgd | 618 m | |
| Areal | 79,65 km² | |
| Folketal | 60 419 (2025)[1] | |
| Postnummer | 28500 | |
| Retningsnummer | 91 | |
![]() Arganda del Rey 40°17′58″N 3°26′27″W / 40.299444444444°N 3.4408333333333°W | ||
| Wikimedia Commons: Arganda del Rey |
Arganda del Rey er ein kommune i Madrid i Spania med om lag 60 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ein kjenner til busetnader her sidan arabarane var på Den iberiske halvøya, men det er funne arkeologiske spor frå romartida.
På 1000-talet vart Arganda erobra av dei kristne, men han hadde ikkje særleg med innbyggjarar før 1300-talet. Fram til 1581 høyrte Arganda til erkebispedømet Toledo. Filip II gav staden landsbystatus, men økonomiske problem i kommunen førte til at staden vart seldt til hertugen av Lerma i 1613.
Kommunen voks på grunn av vinindustrien og fekk jernbanesamband til Madrid i 1843. På starten av 1900-talet vart det oppretta sukkerplantasjar her. Dette var starten på industrialiseringa og ein kraftig folkevekst.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Instituto Nacional de Estadística (13. desember 2025), Padrón municipal de España de 2025, Wikidata Q137426716
- Denne artikkelen bygger på «Arganda del Rey» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2009.
